Quantcast
Channel: kvitre.no » mikrobryggeri
Viewing all articles
Browse latest Browse all 5

Amundsen bryggeri

$
0
0

Amundsen VM-Ale

Amundsen bryggeri har vore opne ei lita stund no, men det var først i dag kl 15.00 at deira første eigenproduserte øl kom på fat: VM-Ale.

Bryggeri: Amundsen Bryggeri
Type: VM-Ale
Alkohol: Ukjent
Filtrert: Ukjent (men ser ikkje slik ut)
Pasteurisert: Ukjent

Denne startar med ei lys honning lukt som blir komplementert av lett humle. På smak er første inntrykk lys sprudlete. Den har ein behagleg slutt, men den blir kanskje litt for anonym – meir drikkeøl ein varm sommardag det her. Litt lite bitterhet, men har ein frisk smak av syrlege sitron drops når ølet blir litt varmare. Med varmen kom og ein betre balansert humle på smak.

Ein grei Ale som ikkje gir dei store utfordringane når det gjeld smak, men for første batch er dette bra. Med 3 brygghus opna i Oslo dei siste 6mnd ser eg fram til kva Amundsen kan produsere, eg håpar berre at dei klarar å vente lenge nok før dei serverar ølet sitt (noko Schouskjelleren har slitt litt med).

Når det gjeld sjølve lokalet ser det greit ut, ein ikkje-noko-utanom-det-vanlege interiør, men dette går raskt i gløymeboka når ein ser 20+ tappekraner for øl (pluss gjeste-tårn) og ein rikholdig ølmeny på flaske (masse bra Belgisk ser det ut til). Når dei i tillegg reklamerar for «ølkjellar«:

Ølkjelleren er vår stolthet. Her lagres årgangsøl, sære øl og rariteter, kjente som ukjente øl, fra inn- og utland.

så er det klart at Amundsen satsar på Øl og at dette kan bli ein meget bra plass for mikrobryggeri og kvalitetsøl framover, eg skal iallefall tilbake! (og da skal eg prøve menyen deira som og såg fristande ut)


Viewing all articles
Browse latest Browse all 5